| HRS - Forsiden | Om rights.no | Om HRS | Kontakt HRS | Bli HRS - venn i dag ! | In English | Lenker | Anbefalt litteratur | Nettstedskart |
Her er du: HRS - Forsiden > Innvandring > Familiegjenforening side 1 > SV - og FrP - vant slaget om ny utlendingslov...?

Søk i rights.no

VIKTIGE SØKEOPPLYSNINGER!

Bjarne Håkon Hanssen har gått ned på knærne for SV etter ca ett års drakamp internt om nye regler for å hente ektefelle fra land utenfor EØS-området. Vinneren er ikke bare SV, men også FrP, skriver Jon Hustad i Klassekampen (lørdag 6.januar, ikke tilgjengelig på nettet): ”Torsdag kunne Dagsrevyen melde det både vi i Klassekampen og andre har spådd ville hende: Den greske tragediehelten Bjarne Håkon Hanssen vert tvungen til å trekkje sitt framlegg om 21-årsaldersgrense for henteekteskap. Avgjerda har både noko vent og noko vondt ved seg. Det vene er at Sosialistisk Venstreparti har oppnådd respekt i regjeringa, det vonde er at Framstegspartiet tener så mykje på det dårlege handverket som Jens Stoltenberg og Hanssen har synt i denne saka.”

Hustad peker på harde og bekymringsfulle fakta knyttet til innvandringen, i tråd med dokumentasjon lagt på bordet av HRS i en rekke runder de siste årene: ” Tala er usikre, men i ei tiårsperiode framover kjem ein stad mellom 40.- og 80.000 norske ungdomar med bakgrunn frå meir eller mindre føydale storfamiliesamfunn i gifteklar alder. Held desse fast på tradisjonane frå foreldras opphavlege heimland, vil langt dei fleste vert gifte med nokon «heimafrå». Svært mange av desse vil i sin tur verte gifte med eit syskenborn.

Den internasjonale empirien på henteekteskap er etterkvart omfattande. Eit mykje brukt døme er Bradford i Nord-England. Storbritannia har på lik linje med Noreg hatt ein såkalla innvandringsstopp i den siste generasjonen, men som Noreg tillet Storbritannia at ungdomar hentar ektefelle frå heimlandet til foreldra. Om vi skal tru dei lokale helsestyresmaktene sa til BBC i november 2005, vert 90 prosent av nye ekteskap i det pakistansk-engelske samfunnet i Bradford inngått mellom syskenborn.

Dei fyrste pakistanarane kom til Bradford rett etter krigen. Byen er litt mindre enn Oslo. I dag er over 50 prosent av folkesetnaden av pakistansk slekt. Ingenting av dette treng å vere eit problem i seg sjølv. Men det syner seg at Bradford er den byen i England som har størst arbeidsløyse, høgast sosialbudsjett og mest utgifter til helsevesenet. Sagt på ein annan måte, integreringa har ikkje lukkast. Den pakistanske folkesetnaden i England står for 3,4 prosent av kulla som vert fødde kvart år, om vi skal tru BBC, men står for over 30 prosent av borna med såkalla genetiske sjukdommar.

Tala frå Noreg er langt nær så galne som i Bradford. Men dei er heller ikkje altfor lystelege. Over halvparten av mennene som kom til Noreg frå Pakistan før innvandringsstoppen, er i dag uføretrygda. Arbeidsløysa ligg på eit etter norske tilhøve høgt nivå. Berre ein av fire kvinner med Pakistans bakgrunn er i ein eller anna form for løna arbeid. Langt over halvparten hentar ektefellar frå heimlandet, og over halvparten at nye ekteskap i den gruppa, etter det Folkehelsa hevdar, er mellom syskenborn. Pakistanarar utgjer i dag den største innvandrargruppa i Noreg.

Dette er noko av grunnen til at Jens Stoltenberg sette Hanssen på det som etter det båe har sagt, er Noregs viktigast utfordring i framtida; integreringa av den stadig aukande flokken av innvandrar,” skriver Hustad.

Hustad mener det er god grunn til å anta at utspillet til Hanssen for om lag ett år siden i VG, der han for første gang luftet tanken om å følge i Danmarks fotspor med 24-årsgrense og tilknytingskrav, var ren taktikk: ” I ettertid tyder mykje på at Hanssens utspel på var rein taktikk – gå høgt på banen for så å trekkje seg litt attende. For reaksjonen frå AUF og SV var sterk. Noko slikt kunne dei ikkje gå med på. Så gjekk debatten ei tid. I haust fekk vi høyringsfråsegna. Hanssen kom med framlegg om 21-årsaldersgrense samt eit noko vagt tilknytingskrav. Med andre ord: No hadde Hanssen gjeve mykje. Det var det SVs tur til å gje. Men SV gav ikkje, ikkje i det heile teke.

Og på torsdag kom altså meldinga på Dagsrevyen. Hanssen kjem til å trekkje framlegget om aldersgrense i den nye utlendingslova, ei lov som etter det Ap sjølv seier det, skal vere for dei neste 20 åra,” skriver Hustad.

Er det slik at for dagens regjering er likevel ikke integreringsspørsmålet så viktig som man kunne ha inntrykk av da den tiltrådte? Er det slik at å styre videre i en flertalsregjering er det som teller for Stoltenberg, spør Hustad: ”SV kjem styrkt ut av dette. Dei har heile tida spelt med opne kort. Sjølv om lova formelt sett skal gjelde for alle nordmenn, er ho etter deira syn reelt sett retta mot einskildgrupper i den norske folkesetnaden. Dette har SV sjølvsagt rett i. At ei manglande aldersgrense i sin tur sjølvsagt også vil få konsekvensar, seier seg sjølv. Men SV er klar over desse og vil leve med det. Dette er politikk som vi ynskjer det, opne standpunkt på basis av integritet.

Noko heilt anna er det med Ap og særleg Stoltenberg. Det er nær utenkjeleg at Hanssen ikkje har snakka med statsministeren før han har kome med alle desse utspela. Men skulda vert Hanssen på ny sitjande åleine med. Problemet er likevel større enn ein skadeskoten Hansen. For når Stoltenberg hevdar at innvandringsspørsmålet er så viktig, kvifor endrar han då ikkje lovverket? Svaret kan vanskeleg vere noko anna enn at han ikkje har vore ærleg. For etter Hanssens attendetog sit vi att med ei kjensle av at to år til som statsminister for ei fleirtalsregjering er mykje viktigare enn integreringsspørsmålet.”

Veien legges åpen for Siv Jensen til regjeringsmakt i 2009. Og hva skjer hvis vi ikke får til integrering? Jo, da ryker velferdsstaten, sier Hustad, noe også NHO har påpekt: ”Ap har vedgått at den integrerings- og innvandringspolitikken dei sjølv har stått i spissen for i 30 år ikkje har fungert godt nok. Kvifor skulle Ap elles kome med framlegg om aldersgrense og tilknytingskrav? Frp kan med god rett difor hevde at dei har hatt rett heile vegen, men at Ap ikkje tek denne innsikta inn over seg fordi partiet er for glade i kortsiktig regjeringsmakt. For same kor ein snur og vender på det, Ap har saman med Frp, om Stoltenberg ynskjer det, fleirtal i Stortinget for innføring av aldersgrense og tilknytingskrav.

Det er trist å sjå så dårleg politisk handverk som det Stoltenberg og Hanssen har drive. SV derimot har byrja å få sving på dette. Sjølv om ingen har betre dagar enn Siv Jensen.

Kva skjer elles om vi ikkje får til integreringa? Ikkje noko anna enn at då ryk velferdsstaten.”

Les også relaterte saker

Human Rights Service (HRS) Møllergata 9, 0179 Oslo - Norge Tlf: (047) 22 33 80 00 [email protected] © HRS 2002 - 2007