Kva kunne føra til 22. juli-terroren?
Denne artikkelen byggjer på ein e-post eg sendte til støttegruppa som arbeider for dei som slit etter terroren i 2011. I programmet deira på Arendalsuka i år seier dei at vi må stå opp mot «tankegodset» som førte til terroren, og dei hevdar at gjerningsmannen sine ekstreme haldningar får feste i stadig fleire. Kva for ekstreme haldningar er det fleire får? Er det det forvirra verdisynet og strategiane hans – eller er det faktainformasjon han nytta seg av? For meg er det ekstremt viktig å skilja i kva som er fakta og kva som er nokon sine fantasiar rundt den informasjonen.