Antisemittisme

Kva ser vi – og kva vil vi ikkje sjå?

Det er eit komplisert spørsmål eg har undra meg over ganske lenge: Kvifor tar intelligente jødar og norske politikarar palestinarane sitt parti og overser det Israel har stått i sidan staten blei oppretta i 1948? Eg har sett Jeffrey Sachs og Gabor Maté gjera det. I Norge har politikar Marielle Leraand vist oss sin ståstad.

Økonomen Jeffrey Sachs er ein internasjonalt kjend politisk analytikar. Den kanadiske legen og psykoterapeuten Gabor Maté overlevde Holocaust som spedbarn og har brukt store delar av livet på å forstå traume. Identifiserer han seg med palestinarane sine traume?

Marielle Leraand, leiar for partiet Fred og Rettferdighet (FOR), kjem frå den norske venstresida og har gjort kampen for palestinarane til ei sentral politisk sak. Nyleg posterte på Facebook ein video om demonstrasjonen dei skal ha i Oslo til støtte for bl.a. Hamas, Hezbollah og prestestyret i Iran på onsdag 7. oktober. Val av dato har trigga mange.

Dei tre sitt syn på Palestina-konflikten

Alle desse tre er sterkt kritiske til Israel, men dei er ikkje einige om alt. Sachs har omtalt Hamas-angrepet 7. oktober 2023 som eit avskyeleg terrorangrep og argumenterer for at Hamas ønskte å provosera Israel til ein omfattande krig som igjen ville svekkja Israel internasjonalt. Samstundes legg han stor vekt på Israels påståtte okkupasjon, palestinsk statsløyse og amerikansk støtte til Israel når han forklarer konflikten.

Min kommentar: Etter mange YouTube-timar konkluderer eg for min del med at Israel ikkje okkuperer sitt eige land. Ein ekspert på området er Natalia Hausdorff. Den arabiske gruppa som no kallar seg palestinarar, har fått tilbod om land for fred fem gonger, men nøyer seg berre med å få heile Israel.

Gabor Maté anerkjenner det enorme sjokket og traumet israelarane opplevde 7. oktober og har medkjensle med dei som vart råka, men han går raskt vidare til hovudperspektivet sitt om at historia ikkje byrja 7. oktober, men med ein mykje lengre historie med konflikt, palestinsk fordriving, «okkupasjon» og kollektiv traumatisering.

Det er typisk for analysen til Maté at trauma – både dei jødiske og dei palestinske – står sentralt. Men Hamas sin islamistiske ideologi og organisasjonen sine røter i Det muslimske brorskapet, har han uttrykt lite av, får eg til svar når eg spør KI om Maté sin ståstad i spørsmålet. Det same oppdaga eg i eit foredrag han nyleg hadde i Hamburg. Det betyr ikkje at han ikkje kjenner denne historia. Det betyr berre at den får langt mindre plass i hans vurderingar.

Leraand går vesentleg lenger i synet på Hamas. Ho har offentleg avvist at Hamas er ein terrororganisasjon og omtalt palestinsk væpna motstand som ein legitim frigjeringskamp mot Israel. I eit innlegg 25. september skriv ho at FOR ikkje meiner 7. oktober var «eit terrorangrep som utløyste eit folkemord», men eit «motangrep» mot det ho meiner var eit folkemord som allereie var i gang.

Eg var på eit arrangement i Oslo i 2024, og der var son til Maté. I paneldebatten etter foredraga blei han spurd om kva han tenkte om Hamas. Han svarte ikkje, men vende seg bort frå han som spurde. Det var den belgiske psykologiprofessoren Mattias Desmet.

Eg har funne at etter oppløysing av imperier og etablering av nye statar er det vanleg å tvangsflytta folkegrupper. Berre dei som skjedde under staten Israel si etablering ser ut til å bli kritiserte for tida. No er det nesten ingen jødar igjen i fleire av dei muslimske landa.

Her er det ChatGPT saknar i analysane deira:

Hamas oppstod er ikkje berre som ei palestinsk nasjonal motstandsrørsle. I charteret frå 1988 blir Hamas uttrykkeleg omtalt som den palestinske greina av Det muslimske brorskapet.

Charteret inneheld ikkje berre krav om palestinsk frigjering. Det plasserer konflikten innanfor eit religiøst og islamistisk verdsbilete. Det inneheld også grovt antisemittisk tankegods.

I 2017 presenterte Hamas eit nytt politisk dokument. Språket vart endra på viktige punkt. Hamas skilde mellom jødar som religiøs gruppe og sionismen som politisk prosjekt og definerte seg ikkje lenger uttrykkeleg som ei grein av Det muslimske brorskapet. Men Hamas gav ikkje opp væpna motstand og kravet på heile området frå Jordan-elva til Middelhavet.

KI spør: Kvifor får denne sida av Hamas så liten plass i mange vestlege analysar? Og eg spør: Kvifor ser vi ikkje kor valdeleg og udemokratisk islams lære generelt er, og at indoktrinert tankegods stimulerer til handling?

Kva skjedde 7. oktober?

Human Rights Watch gjennomførte ei omfattande gransking av angrepet med intervju av 144 menneske og analyse av meir enn 280 fotografi og videoar. Organisasjonen konkluderte med at Hamas-leia væpna grupper gjorde ei rekkje krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta. HRW fann at drap på sivile og gisseltaking ikkje berre var tilfeldige utslag av ein militæroperasjon som gjekk gale, men sentrale delar av angrepet.

FNs uavhengige granskingskommisjon konkluderte også med at sivile med vilje vart angripne, og at Hamas og andre palestinske væpna grupper gjorde krigsbrotsverk.

To forklaringsmodellar

Kva skjedde med palestinarane som gjorde at Hamas kunne veksa fram og få støtte? Då blir (påstandane om) okkupasjon, fordriving, blokade, tap av land og palestinske traume sentrale.

Men ein kan også spørja: Kva trur Hamas på? Kva slags samfunn ønskjer organisasjonen?

Korleis definerer dei kampen, og kva verkemiddel meiner dei er legitime? Då blir islamisme, jihad, Det muslimske brorskapet og Hamas sine eigne dokument viktige. Og her vil eg tilføya noko dei ikkje har med, men som eg meiner er sjølve rotårsaka til problema; det trussystemet palestinarane har blitt indoktrinert: Armageddon-trua. At dei pliktar å drepe alle jødar og det blir fred og rettferdighet. Dette høyrer til på magisk-mytisk bevisstheitsnivå, og det held dei nede i elendigheit.

Desse forklaringane treng ikkje utelukka kvarandre. Historiske forhold kan vera med på å forklara kvifor ei ideologisk rørsle får oppslutning.

Intelligens vernar oss ikkje mot avgrensa perspektiv?

Korleis kan svært intelligente og kunnskapsrike menneske studera dei same realitetane og komma til så ulike konklusjonar? Kanskje fordi intelligens ikkje frigjer oss frå tolkningsrammer. Vi tolkar heile tida ut frå mentale skjema vi skapar oss gjennom livet.

Maté ser verda gjennom eit langt liv med studium av traume. Sachs analyserer i stor grad geopolitikk, stormaktsinteresser og diplomati. Leraand tolkar internasjonale konfliktar sterkt gjennom antiimperialisme, sitt syn på kapitalismen og palestinsk motstand. Ho har studert på universitet i palestinsk område.

Det er fleire som klarar å definera Israel som imperialistisk, sjølv om landet aldri har drive med okkupasjon, medan islam er ei av dei mest imperialistiske kreftene som har eksistert. Korleis kan Leraand og andre komma på slike tankar når det motsette er så klart?

Men alle perspektiv kan også ha blindsoner. Palestinsk liding er verkeleg. Israelsk frykt og erfaring med terror er verkeleg. Hamas si islamistiske idéhistorie er verkeleg. Og dei dokumenterte brotsverka mot sivile 7. oktober er verkelege.

Utfordringa for den som søkjer sanning, er kanskje å våga å halda alle desse realitetane framfor seg samtidig.

Ideologisk indoktrinering?

Det største spørsmålet er kanskje: Kva tiltak kan iverksetjast slik at alle partar kan få fred? Vi ser at konflikten i Israel har tentaklar over alt i vestlege land. Nyleg fekk filmen NAZA 25 minuttar med applaus under premieren på festivalen i Venezia i september. KI seier seg einig i at filmen høyrer til i denne diskusjonen, for den viser først og fremst éi side av problemstillinga; korleis Israel har ført krigen i Gaza etter 7. oktober 2023.

Dokumentaren NAZA spør i hovudsak: Kva skjer når eit samfunn og eit militært system gradvis kan akseptera stadig større sivile tap? Filmskaparane seier sjølve at dei ønskjer å undersøkja mekanismane bak det dei oppfattar som Israel si dehumanisering av palestinarane.

Men filmen stiller i mykje mindre grad det andre spørsmålet: Kva slags fiende kjempar Israel mot? Kva slags ideologi førte til angrepet 7. oktober, gisseltakinga, tunnelnettverket og det at Hamas opererer i eit svært tett sivilt område?

For ca. ei veke sidan blei filmen vist i Delft i Nederland. Ei israelsk mor, Sabine Taasa, gjekk opp på scenen under visninga og delte historia si om 7. oktober. Mannen og ein son blei myrda. Hamas-terroristar ropte «Allahu Akbar» mot henne, men ho klarte å redda livet bak jerndøra i huset sitt. «Kor er dette i filmen dykkar?» spør ho dei israelske regissørane som er til stade i Delft. Salen reagerte med buing, latter, hatrop og krav om at ho skulle gå. Dette var eit vanleg kino-publikum.

Kva seier dette om kven som så langt har vunne informasjons-krigen? Sabine Taasa hadde støtte av eit israelsk team då dette skjedde.

Mosab Hassan Yousef er ei stemme frå innsida

Mosab vaks opp som son til ein av dei som etablerte Hamas. Han blei sjølvmordsbombar og hamna i israelske fengsel. I 20 år har han no stått på Israel si side og meiner at striden handlar om ideologi og ikkje om land. Eg siterer her litt av eit intervju med han:

Mosab: Utan at vesten forstår kva som skjedde, spreidde jihad seg som eld i tørt gras. Dei seier «Fri Palestina» og meiner øydelegg Israel. Dei seier motstand, men dei meiner jihad, heilag krig. Dei brukar dette for å øydeleggja Vesten innanfrå. Islamsk og kommunistisk allianse er ein svært farleg kombinasjon. Palestina er basert på jihad-prinsippa. Den unge generasjonen palestinarar seier at det ikkje er jihad, men motstand og utgir seg for å vera ein nasjonal bevegelse. Det er ideologisk krigføring.

Intervjuar: Det er instrumentalisering av konseptet Palestina i Vesten. Det har ikkje noko med ein stat på den eller den størrelsen å gjera. Det er ein sinnstilstand, ideologi, overordna politisk bevisstheit som blir brukt for å fremja islamisme.

Mosab: Det er eit dobbeltspel. Det er svært farleg, og har halde på sidan 1987 med den første intifada og ropet «frå elva til havet». Jo meir du tolerer denne løgna, jo meir vil den vakse. Det starta med steinkasting, knivstikking, skyting og sjølvmordsbombing. For ca. 30 år sidan blei det folkemord eller forsøk på folkemord, som 7. oktober.

Intervjuar: Korleis forstår du Den palestinske sjølvstyremyndigheita?

Mosab: Dei framstår som fredsmeklar eller fredspartnar og alternativ til Hamas sin islamske jihad, men eg trur dei er farlegare enn Hamas. Hamas er klare på at dei vil øydeleggja staten Israel. Sjølvstyremyndigheitene har finansiert pay for slay, som er finansiering av martyrdom.
Anklagene om apartheid, folkemord, etnisk reinsing og okkupasjon har blitt fremja dei siste to tiåra av den palestinske sjølvstyremakta. Det einaste målet deira er å delegitimera Israel. Og slik har dei oppnådd legitimitet.

Intervjuar: Sjølv med alle bevisa på den grusomme terroren, har eit fleirtal blitt overtydde om at Hamas har rett. At den palestinske saka er meir legitim enn Israel. For meg virkar det som om Vesten har blitt lurt av masseøydelegging av bygningar i Gaza, der Hamas gøymde seg og brukte sivile som menneskelege skjold. Det muslimske brorskapet har overbevist den frie verda om at saka deira er dydig, og den frie verda er ikkje kjend med jihad si natur. Kva er det Vesten treng å forstå om denne lange krigen, men som Trump trur kan ta slutt?

Mosab: Qatar er med på å finansiera brorskapet, og dei er med på å hindra at sanninga om islam ikkje blir kjend. Hatet oppstår i moskeane der Koranen sine jihad–vers blir resitert. Dei finansierer universitet. Al Jazeera portretterer jihadistar som fridomsforkjemparar. Dei døyper om barbari og terrorisme til legitime handlingar for fridom.

Palestinarane har ikkje lært på 77 år og snøballen rulla til det blei folkemord 7. oktober. I staden for å læra, har dei dobla satsinga på den valdelege strategien. Menneskeheita er på botnen no. Alle leitar etter ei orsaking og prøver å rettferdiggjera vald. Sjølvpåført traume, sjølvoffer, og etter det meiner gruppa at den har rett til å gå til handling. Kor går grensa for motstand? Kor går grensa?

Det er krigstid, men det er ein annan slags krig. Narrativet er ein del av det. Vesten har opna porten for den trojanske hesten. Moralistar utgir seg for å vera frelsaren. Frelsaren som vil redda palestinarane dei aldri har møtt og heller ikkje forstått spelet til.

I dette spriket om kva som er realitet, står vi no

Kva kan vi gjera anna enn å leita etter fakta – og opna oss for fakta og logikk? Vi har alle våre tankemurar, som eg kallar det. Mediene har sine. Er dei konstruerte av det vi kallar politisk korrekt tankegods om at palestinarane er offer fordi dei er svakare enn Israel?

Som menneske er vi alle fødde med behov for respekt, empati, støtte, fridom, autonomi kreativitet og det å bidra til livet. Sachs, Maté og Leraand ønskjer truleg å bidra utan å bruka vald, men kva når dei ytrar støtte til valdelege krefter? Dei set på masse informasjon, men er det noko i dei sjølve dei ikkje er bevisste om som gjer at dei er mest kritiske til Israel? Og: Er det noko med Israel eg ikkje har innsikt i når eg meiner dei har rett til fred i sitt eige land?