Eg har lenge sett eit uheldig blindspor i denne saka, eit blindspor som har ført til negativ stempling av personar med innsikt i islam. Eg ser ignorering av fakta og ein psykisk sjuk mann sine fantasiar om å løysa problem samfunnet ignorerte.
Kva seier islamske skrifter?
Som lærar hadde eg muslimske elevar. Eg ville setja meg inn i deira kultur og las Koranen. Den viser eit anna verdisyn enn det nordmenn flest har og det eg har lært gjennom IVK (Ikkjevaldskommunikasjon). IVK har hovudfokus på presis observasjon og menneske sine eksistensielle behov, behov alle har – også muslimar. Kanskje var det difor det var lett å sjå at Koranen kan vera ei destruktiv bok. Eg fann meiningslause truslar og straff som hovudtema. Det kalla Marshall Rosenberg for valdeleg kommunikasjon. Ideologien har fokus på Allah sine behov. Boka er meir som ei samling diskusjonar om religiøse tekstar, tekstar som beviseleg eksisterte før Muhammed skal ha levd. Bibelske namn er gjennomgåande. Muhammed er nemnt fire gonger, då kanskje som ein tittel.
I kapittel 1 står det at muslimar ikkje må bli som jødar og kristne. Den teksten høyrer til i dei daglege bønene.
Hadithene og Sira er forteljingar om Muhammed sitt liv. Dei er truleg oppdikta ut frå hendingar i tida (600-talet og hundreåra etter). I det siste har eg lurt på om det er skribentane sine fantasiar som slik blir legitimert, for «profeten» er beskriven som ein valdeleg person. Skriftene gir legitimering av menn sine lyster og legitimerer undertrykking av kvinner. Korleis har det seg at vi som opplyst samfunn ikkje ser dette når Breivik såg det? Han såg også at konsekvensane av ideologien viser seg i vårt land. Jfr. lenkje til tilrådd lesnad om Muhammed nedst i denne artikkelen.
Avviste barn
Breivik var eit sterkt forsømt barn skal vi tru det Åsne Seierstad skriv i boka «En av oss». Faren forlèt han tidleg og flytta til utlandet. Ein gong han kom heim til Norge, reiste han rett til Utøya uten å sjå til guten først. Mora blir beskriven som lite nærverande. Små barn har stort behov for å bli sett og forstått. Ein barnehage beskriv Breivik som ressurssterk.
I 2019 var James Garbarino på Arendalsuka. Han var psykologiprofessor og snakka om skuleskytarar i USA. Dei var alle alvorleg avviste før 3-årsalder – slik Breivik truleg var. Han fant som vaksen aldri eit sunt miljø der han blei inkludert og kunne bidra.
Dette er IKKJE meint som unnskyldning, men som noko vi kan læra av og ta meir bevisst med oss bl.a. i undervisning og arbeid med psykisk helse – og i opplæringsprogram for foreldre. Eg ser at Norge treng mykje meir av det vi lærer om i IVK; at alt vi gjer, gjer vi for å få behov møtt – også med destruktive strategiar når vi ikkje er bevisste om livet sine psykologiske og spirituelle mekanismar. Som det står i Thomas-evangeliet: «Dersom vi får ut det vi har i oss (av positiv livskraft), vil det frelsa oss. Dersom vi ikkje får det ut, vil det øydeleggja oss.»
Den vaksne Breivik
Eg såg på terrordagen den videoen ABB la ut. Med bakgrunn i kunstterapi såg eg straks at han lei – og lir av – personlighetsforstyrrelse. Meir presist: Han har erstatta eigen identitet med ein arketypisk identitet. Det er eit kjent fenomen i psykiatrien. Breivik eksponerer arketypen riddaren eller Knights Templar. Med den identiteten hadde fantasiar om å redda landet.
Eg har lest manifestet hans. Evnen til å ta inn kunnskap er ikkje hemma fordi om ein lever i illusjon om seg sjølv og livet, men ein tar til seg informasjonen deretter. Breivik følgde med på utviklinga med islam i Norge og Europa, og han las fagekspertar som Robert Spencer. Skal vi slutta å informera fordi om det finnes nokon få som misbrukar informasjonen? Skal vi teia stille om at det er ein pedofil eller pyroman i nabolaget fordi nokon kan bli krenka?
Breivik såg at ansvarlege i Norge ikkje tok tak i dei problema som følgde med islam, og med det fann han eit felt å bruka helteidentiteten sin på. Han trur til og med at han i framtida vil bli takka for sine ekstremt meiningslause og grusomme handlingar.
Farleg tankegods
Det farlegaste tankegodset i vår tid er Det muslimske brorskapet sitt. Ein iransk innvandrar skriv om det nesten dagleg; Kian Javidian Kashmiri. Han tar mellom anna for seg informasjon frå Mosab Hassan Yousef, kjent som son av Hamas. Mosab fekk opplæring som terrorist. Som fange i Israel oppdaga han kristne verdiar. No er han ein av vår tids mest ettertrakta samfunnsdebattantar.
Mosab hevdar at toleranse i islam er ein strategi –eit våpen. Ei midlertidig maske. Når dei blir mange nok og får politisk innflytelse, fell maska. Då kjem sharia med underkastelse og straff for vantru. Dette er ikkje spekulasjon. Det har vore det muslimske brorskapet sine strategiar i snart 100 år: byggje moskear, skular og etablerer organisasjonar. Målet er kalifat på ruinane av jødisk og vestleg sivilisasjon.
Mosab kallar det ein totalitær dødskult som elskar døden meir enn livet. Og dei viser det i praksis.
Offer for «skuld ved assosiasjon»
Eg har lest Peder Fjordmann Jensen si bok «Vitne til vanvidd». Han blei gjort medansvarleg for Breivik sine handlingar fordi han som svært innsiktsfull og engasjert menneske delte informasjon om islam. Eivind Trædal sto nyleg fram på NRK Debatten og hinta om Document sitt «hatefulle tankegods».
Kan IVK-modellen hjelpa oss?
Det er ikkje å dela faktainformasjon («tankegods») som er farleg. Det å sjå bort frå destruktivt tankegods og inhuman praksis er farleg. Ikkje berre for oss, men også for dei som er fanga i tradisjonane. Jfr. bøkene til Terje Bjøranger. Vi gjer muslimar ei bjørneteneste ved å ikkje setja klare grenser for destruktive tradisjonar og ved ikkje å bli meir aktive i å undervisa i f.eks. IVK. Vi kan alle møtast i våre felles behov for støtte, tryggheit, meining, respekt m.m. Modellen er etablert av Marshall B Rosenberg. Han blei nominert til Nobels Fredspris fem gonger. Den er spreidd på alle kontinent og har fire trinn:
Trinn 2. Følelsane sin funksjon er å visa oss om eksistensielle behov er møtt eller ikkje. Når dei hevdar at «tankegodset» førte til terroren, blir eg lei meg, for eg oppfattar det som avleiing frå realitetane. Eg lengtar etter klarheit, realisme og tryggheit.
Lister over behov og følelsar på www.ivk.no.
Trinn 3. Vi treng meir klarheit i behova våre. Vi lærer i IVK å skilja mellom behov og strategiar for å få dei møtt. Breivik viste kontakt til behovet for å bidra, men valet av handling viser at han samtidig hadde mista kontakt til empati og realitetar.
Trinn 4: Be om det vi treng med rot i fakta og behov, ikkje ut frå ideologi eller lyst.
Konsekvensar av å ikkje ta ansvar
I England har dei i fleire tiår vridd seg unna å informera og ta tak i det enorme problemet med gjengvaldtekter. I staden har jentene sin forkjempar, Tommy Robinson, blitt uthengt som høgreekstremist og blitt fengsla fleire gonger. Minst 250.000 jenter skal ha blitt misbrukt i følge ny rapport. Ca. 90% av overgriparane er muslimske innvandrarar. Vi kan ikkje ha det slik at ekstrem vald får skje fordi myndigheitspersonar fryktar å bli kalla høgreekstreme rasistar! Dersom slikt får fortsetja, risikerer vi nye terroristar.
Vi kan også ta større ansvar slik at alle barn kan få utvikla seg optimalt. Eg heller difor mot at årsaka til terroren er komplisert og samansett.
Håp for framtida
Det er sjølvsagt viktig å ha støttegruppe for dei som opplevde terroren og deira nærmaste. Eg har skrive dette i håp om få fram nyansar om kva som kan føra til ei så forferdeleg handling og kva som kan hjelpa oss til ei tryggare framtid. Då treng vi:
- respekt for fakta. Uten realitetsorientering, kva skal vi skapa endringane ut frå då?
- å støtta dei som formidlar fakta (bl.a. Hege Storhaug og Peder Jensen)
- djupare kunnskap om det å vera menneske.
Lenkjer
Eg har skrive boka «Gjennom tankemurene». Det er ein slags roman om ungdommar frå ulike kulturar som har ulik bagasje med seg i livet og korleis dei kan komma fram til eit klarare verdigrunnlag. Eg snakkar om den på Paradigmepodden nr. 111.
Eg tilrår også boka «The People Vs Muhammad» er psykologisk analyse av Muhammed. Den kan lastast ned gratis.
Hovedillustrasjon: Minnesmerke Utøya, Wikimedia Commons