Leserbrev

Berre ei bok

Når skal våre politikara klart og tydeleg kalle ein spade for ein spade, og at ei bok fortsatt berre er ei bok?

Siste del av 2019 var prega av ein stor debatt kring ei hending i Kristiansand der ei utgåve av Koranen skulle brennast. Hendinga skapte som vanleg merksemd og politiet måtte stenge av området med sperringar. Som vanleg var det motdemonstrantar og når bokbrennarane forsøkte å tenne på Koranen, braut både politi og motdemonstrantar inn. I etterkant vart saka omtalt i rikeleg monn, politikarar frå høgt og lågt, politiet frå høgt til lågt og media med fleire. Alt dette berre for ei bok, ei bok blant millionar av bøkar?

Personleg er det same for meg om nokon vil brenne Koranen, Bibelen eller Mein Kampf, det er no berre bøker. No vil nokon hevde at nokon bøkar er meir verdt enn andre. I nazi-Tyskland ville ein slik hendelse medført ein rask død. Å brenne Koranen ville i dei fleste muslimske land den dag i dag medført same skjebne. Berre det å omtale profeten negativt ville fått same resultat. Kva så med konsekvensane her i Vesten, rettare bestemt her i Skandinavia og i Noreg? Er det trygt å ytre seg her? Nei det er det nok dessverre ikkje. For ca 400 år sia kunne ein risikere dødsdom i Noreg for majestetsfornermelse eller brudd på blasfeminiloven. Men etter 400 år er saken endra seg, det er ikkje lenger sjølvsagt med ytringsfrihet.

Manns minne er ikkje så langt, så eg tillet meg å trekkje fram nokre hendelsar i nyare tid.

I 1989 blei romanen Sataniske Vers gitt ut av den britiske forfattaren Salman Rushdie. Den medførte sterke reaksjonar frå den muslimske verden då den blei betrakta som blasfemisk. Ayatollah Khomeini utstedte ein dødsfatwa der  verdens muslimar vart oppfordra til å drepe forfattaren og ein solid økonomisk belønning vart utlova.Trusselen gjaldt også alle som hadde befatning med boka, oversettere, bokhandlere med meir. Ein rekke åtak retta mot alle som hadde med boka å gjere vart utført, enten det var forleggere, oversettere eller andre som ikkje støtta dødsdommen. Muslimske samfunn verda rundt heldt offentlege samlingar der boka Sataniske Vers vart brend. Salman Rushdie er den dag i dag, 30 år seinare, ikkje ein «fri» mann. Trusselen mot han er fortsatt ein realitet.

I Norge vart forleggaren William Nygaard (Aschehoug Forlag) skutt tre gonger i ryggen i 1993 og alvorleg skada i ein hendelse utafor sin heim, som ein meiner har ein klar relasjon til hans arbeide som forleggar og utgivar av boka i Norge.

I 2005 kom den mykje omtalte karikatursaka, der teiknarar med blyant- og pennestrek, på ulikt vis, har karikert profeten Mohammed. Det var den danske avisa Jyllandsposten som først trykte desse teikningane. Dette førte til sterke reaksjonar frå ulikt hald verda over, då mest frå muslimske land. Ei rekke hendelser rundt om i verda kravde mange menneskeliv og blant anna blei den norske og den danske ambassade i Syria satt i brann. Norske media som trykka teikningane, som avisa Dagen, fekk også truslar og redaktøren måtte gå i dekning.

Kurt Westergaard og Lars Vilks, dansk og svensk teiknarar, blei drapstruga og begge har vert utsett for drapsforsøk. Begge må fortsatt vere underlagt betydeleg sikkerheitstiltak, 15 år etter teikningane.

I 2010 avverja dansk politi, i siste liten, eit alvorleg terrorangrep mot Jyllandsposten og Politikens hus i København. Eit angrep som hadde sin bakgrunn i karikaturtegningane.

I 2015 blei kulturhuset Krudttønnen i København angripe under ein debatt om kunst, blasfemi og ytringsfriheit. Her blei ein filmskapar drepen og tre politifolk skada, også relatert til karikaturtegningane.

I 2015 blei det franske satire-magasinet Charlie Habdo angripe og 12 av magasinets ansette blei drepne. Magasinet var satirisk mot alt og alle, enten det var religion, politikere eller andre forhold i samfunnet. Men det vart satire mot islam som vart deira skjebne. Magasinet og dei ansette må fortsatt ha beskyttelse.

Er det slik vi vil ha det her på berget, og har vi i realiteten lenger ytringsfrihet i Noreg og Skandinavia når vi risikere livet når vi ytrar oss om enkelte ting?

No vil nok mange hevde at det er unødig å provosere. Ja kanskje det er det, men kor går grensene for å provosere? Skal det gjelde alle, eller berre enkelte deler av samfunnslivet, for eksempel religion? Om vi gir opningar her så vil demningen fort kunne breste til noko verre. Vi må holde på våre opparbeida rettigheiter som friheit, demokrati og ytringsfriheit, visst ikkje så vil fort våre demoniske spøkelsar frå vår nære fortid stå på vår dørterskel igjen, dei og fjerna demokrati og ytringsfriheta, der kun ei lære skulle vere den rette, med tragiske konsekvenser for millionar på millionar av mennesker.

Eg er ikkje bekymra for dei i Kristiansand som stod innafor politisperringane. Eg er meir bekymra for dei som stod utanfor sperringane og demonstrerte. Demokrati og ytringsfriheit er ikkje noko sjølvfølge, det må vi verne om, og vi må ikkje gløyme kva som er alternativet og det vil vi ikkje ha.

Når skal våre politikara klart og tydeleg kalle ein spade for ein spade, og at ei bok fortsatt berre er ei bok?