Leserbrev

22. juli: Kva er viktig og nyttig å ta tak i no?

Eg kan merka eit sterkt ubehag ved den tanken som plutseleg slo ned i meg: Det som rammar born og unge, kan ofte ha ei årsak i sviktande ansvar frå dei vaksne. Det var ungdommane som blei ufatteleg hardt ramma 22. juli i 2011. Kan det vera ein konsekvens av at dei folkevalde, media og politi ikkje hadde reagert adekvat og tilstrekkeleg på den samfunnsutviklinga som gjerningsmannen såg? Er det manglande ansvar frå vaksne som bidrar til at Breivik og andre tilfelle som hans utviklar seg til ein drapsmaskinar?

Uansett svar på dei innleda spørsmåla, kan vi aldri komma bort frå at han og andre slike gjerningspersonar er dei einaste som er ansvarlege for ugjerningane. Eg vil likevel stilla nokre spørsmål til dei skuldingane som framleis blir retta mot einskildpersonar og grupper i samband med 22. juli–tragedien.

Tida kanskje moden

Det kan sitja langt inne hos folk flest å ta inn over seg at eigne handlingar eller mangel på slike kan føra til tragediar. Eg ser at dette kan vera ei særs smertefull utfordring for Arbeiderpartiet etter terrorhandlingane mot dei. Eg takkar Jonas Gahr Støre for at han i ei artikkelsamling i samband med 10-årsmarkeringa for 22.-julihendinga stiller spørsmålet om det er noko dei har sett forbi. Tida er kanskje moden no til å sjå på det som hittil har vore for sårbart.

Vi menneske har lett for å finna syndebukkar utanfor eige ansvarsfelt. Det var fleire som blei sterkt fordømt for å ha informert om islam og destruktive konsekvensar nokon erfarte med den kulturen i vårt samfunn. Eg ser ingen logisk samanheng mellom det å varsla om konkrete hendingar og det å ha ansvar for den valden det blir varsla om. Kva skjer med eit samfunn der varslarane blir straffa og valdsutøvar går fri? Kanskje er tida inne til å gi oppreising til alle dei som offentleg har blitt stempla for høgreekstremisme, rasisme, hat og nazisme? Utan det, er det vanskeleg å komma oss vidare i tillit til politikarar og rettsvesen.

Støre spør: «Hvordan kom Norge dit at terrorister kan vokse opp midt iblant oss for så å utføre grusomme handlinger her? Hvordan kan unge menn, som er født i Norge, og som har gått på norsk skole og lekt i nabolagene våre, ende opp med å føle seg så truet at det legitimerer drap og vold.» Vidare skriv Støre at tankegodset bak handlingane ikkje forsvann sjølv om gjerningsmannen blei dømt.

Blindsonen

«Tankegodset» han viser til er høgreekstremisme og konspirasjonsteoriar. Han meiner at det er å gå inn i blindsonar å ikkje ta desse to fenomena opp til open diskusjon. Eg meiner det er heilt andre fenomen som gøymer seg i blindsonen. Human Rights Service kallar han ein blogg som systematisk mistenkeliggjer og byggjer opp under fordommar og frykt, og at støtte til dei er tydeleg eksempel på at politikarar ikkje tar ansvar.

Er det verkeleg der hunden ligg begravd, Støre? Er faktiske forhold mistenkeleggjering eller er det informasjon vi har rett på som medlemmer av samfunnet. Fordom betyr å dømma i forkant. Det har vore lite fordommar i Norge og Europa. Vi har hatt lite og ingen kunnskap om islam og kva den kulturen kan føra med seg av vald. No veit vi mykje meir om det, og derfor kan vi vera føre var. Det er ikkje det same som å vera fordomsfull. Føre var ser eg som klok strategi.

For meg ser det ut som om det er fleire grunnleggjande ting Arbeiderpartiet ser forbi. Har de lest Koranen og Sunnaen? Har de lest Det Muslimske Brorskapet sitt dokument «An Explanatory Memorandum» med planane for å øydeleggja USA innanfrå? Desse dokumenta eksisterer faktisk. Dei viser til politiske mål. Blant måla er verdsherredøme. Det finnes muslimar i Skandinavia som seier det rett ut. Islam har sine eigne menneskerettar i Kairo-deklarasjonen frå 1990. Haldningane i alle desse dokumenta er i strid med norsk grunnlov og FN sine menneskerettigheter.

Ansvar

Islam har lite av humanistiske verdiar i seg. Mange muslimske barn blir lærte opp til vald mot vantru. Dette er realitet. Det er ikkje konspirasjonsteoriar. Hege Storhaug har rapportert om desse kjennsgjerningane i over 20 år. Særleg England har vore sterkt ramma av gruppevaldtekter. Muslimar har dominert som aktørar. Det skjer her i landet òg. Eg forstår det slik at vald utført av barn mot barn er ganske utbreidd for tida. Arbeiderpartiet ser framleis ikkje ut til å ta informasjonen om dette på alvor, men skuldingane mot bodberarane heng like fast.

Det er ikkje uvanleg at ekstremistar tar sakene i eigne hender når andre ikkje reagerer på rasjonelle måtar. Nokon gonger trur små barn at dei må ta ansvar når vaksne ikkje gjer det. Dei har ikkje kompetanse, og difor kan det gå svært ille. Det kan bli tolka som åtferdsvanskar, og så ligg dei eigentlege vanskane i manglande vaksenkompetanse.

Vi har nok døme på at vaksne ikkje tar godt nok ansvar for å verna landets innbyggjarar mot visse typar vald. ABB «såg problema», men han vaks ikkje opp i eit miljø der han lærte sunne strategiar for ansvar, så når han såg at våre ansvarlege ikkje gjorde noko med dei problema han såg, ja, så gjorde han det på sin måte. Hans skadde sinn utvikla ein arketypisk erstatningsidentitet, slik fleire psykisk sjuke kan gjera. ABB har integrert både riddaren og redningsmannen. Det var nokså oppi dagen i den videoen han la ut 22. juli.

Avvising

ABB har ein oppvekst som var prega av mykje avvising. Ein amerikansk psykolog eg høyrde på Arendalsuka for nokre år sidan, fortalde om sitt arbeid med skuleskytarar. Felles for dei var alvorlig avvising før dei var 3 år gamle. Det er ikkje dermed sagt at alle avviste born blir drapsmaskinar, men alle drapsmaskinar ser ut til å ha vore avviste som små. Fagfolka var samde om at ABB har grandios personlegheitsforstyrrelse. Avmakt kan i nokon tilfelle eksplodera i overmot. Undertrykt mindreverd kan søkja kompensasjon gjennom bruk av vald.

Kor ofte har vi ikkje høyrt om tankegodset som skulle liggja til grunn for handlingane 22. juli? Robert Spencer, som har skrive 18 bøker om islam, var ein av dei ABB refererte mykje til. Det same var Peder Fjordmann Jensen. Boka hans, Vitne til vanvidd, skulle vore obligatorisk lesestoff før nokon dømer han. Det som det no kan vera verd å undersøkja er realisme i det Fjordman, Spencer, Halvor Tjønn, Storhaug og andre har skrive om islam. Det har etter kvart blitt mykje å velja i. Eg har lest ærlege og saklege bøker frå mange utanlandske forfattarar. Ingen av dei oppmodar til vald mot muslimar, men mange av dei må ha konstant beskyttelse mot –  muslimar. Kor lenge skal vi finna oss i slikt?

Ansvarlege vaksne

Sidan 11. september 2001 har det vore 38.907 islamistiske terrorangrep på jorda. Ingen annan ideologisk retning har så mange terrorangrep i same periode. Systematisk utreinsking av jødar og kristne held «uforstyrra» fram. Kvifor er ikkje det meir framme i media? Har det med identitetspolitikk å gjera?

Kunne Arbeiderpartiet og andre vaksne hatt større fokus på gjerningsmannens oppvekst og islamsk vald heller enn å leita etter syndebukkar blant folk dei kallar høgreekstreme konspirasjonsteoretikarar? Dei reelt høgreekstreme ser eg lite til. Dei valdelege venstreekstreme Antifa er stadig på farten når islamkritikarar er i gatene. Det er tragisk at media nesten ikkje rapporterer om Antifa. Folk flest veit ikkje om dei!

Frykt er ein følelse som varslar om fare. Støre og mange med han hevdar at slike som HRS skapar frykt. Er det dei som skapar frykt eller er det realitetane dei tar opp som triggar følelsane våre? I mange tilfelle er frykt ein sunn reaksjon, fordi frykt eit signalsystem som viser at behov ikkje er møtt. Når islamsk kultur kjem inn i vestlege samfunn, aukar faren for vald. Det er reelt. Eg veit ikkje om ABB kjende på frykt, men han reagerte på at andre si valdsutøving ikkje førte til reaksjonar frå ansvarlege instansar. Kanskje kjende han på frustrasjon. Frustrasjon, sinne og frykt er normale reaksjonar på truande hendingar. ABB sin strategi for å ordna opp var særs grotesk og destruktiv. Eg fryktar me kan komma til å sjå at fleire umodne, usunne sjeler enn han og Manshaus tar sakene ei eigne hender dersom ikkje ansvarlege vaksne snart gjer det.

Vegen vidare?

Ei oppsummering med forslag til vegen vidare:

  • Islam inneheld krav om vald mot vantru. Eg ber om at Arbeiderpartiet og andre som ikkje kjenner dei islamske skriftene, set seg inn i kva dei handlar om og plasserer skapet deretter.
  • Trygghet, tillit, fridom og respekt er behov alle har, også muslimar, sjølvsagt. Eg ønskjer tiltak der tapt tillit blir gjenoppretta. Det kan skje dersom ansvar blir plassert der det høyrer heime.
  • Følelsar varslar om behov er møtt eller ikkje. Det er viktig å skilja i kva som er følelsar og kva som er tankar, kva som er observasjon og kva som er tolking.
  • Tolking før observasjon skapar avstand og konflikt. For meg ser det ut som om Arbeiderpartiet sine meiningar i stor grad ligg på tolkingsnivå så lenge dei snakkar om «tankegodset», og ikkje på konkret observasjonsnivå. Konkrete observasjonar er handlingar som kan beskrivast slik eit kamera kan gjengi dei. Å dela slike observasjonar med kvarandre er grunnlag for tiltak som kan imøtekomma fleire/alle partar. Det er mogeleg dersom vi tar utgangspunkt i eksistensielle behov heller enn i strategiar basert på tolking. Det er på strateginivået konfliktane oppstår. Dersom partane ikkje kan finna fram til felles behov, kan det vera nødvendig å bruka grensesetjande makt gjennom tvang. Det er ei stor utfordring/umogeleg å forhandla med totalitære ideologiar.
  • Å kunna be om det som trengs for at eventuell vald skal ta slutt, ser eg som ein menneskerett i eit opplyst samfunn. Eg ber med dette om at Arbeiderpartiet går til dei opprinnelege årsakene til konfliktane. Det gjeld både problematiske aspekt ved islam, og det gjeld psykologiske faktorar. Langt meir kan gjerast for å førebyggja. Vi treng tiltak mot islamsk press og likebehandling i rettssystemet. Vi treng sterkare satsing på opplæring i vår kultur for innvandrarar. Og vi kan vinna mykje ved at alle born lærer meir om det å vera menneske i skulen.

Som sagt ser eg på dette som sårbart for Arbeiderpartiet. Dei har sete med ansvar, og deira unge blei offer for terroren. I tillegg til at eg ønskjer at alle sider ved saka blir opna opp for, så ønskjer eg at Peder Jensen får økonomisk kompensasjon og at alle skuldingane han har fått mot seg blir trekt tilbake. For tida kan han ikkje kan bu her i landet. Her kan alle sjå eit intervju med han og vurdera om det han seier stemmer med dei tolkingane som har blitt tildelt han. Frå min ståstad er uskuldig dømde blant dei som blei hardt råka av terroren. Slike dommar har spreidd seg til dømes til born med FrP-foreldre. Slikt kan me ikkje leva godt vidare med, så dette er eit anna tankegods å ta tak i.

Eg ønskjer Arbeiderpartiet lykke til med dette arbeidet, og eg ønskjer alt godt for alle entusiastiske AUF–arar. Trygghet og tillit står på spel.

Marie Rørvik er pensjonert lærar med vidareutdanning i kunstterapi, psykisk helsearbeid og den tradisjonen som heiter «ikkevoldskommunikasjon» – om observasjon, føleslar og eksistensielle behov.

(Illustrasjonsfoto: HRS)