Frihetsverdier

Støtteaksjon for HRS

Eg spør meg sjølv: Skal ikkje vi lesarane og vi som ikkje er så flinke til å ordleggje oss, syne at vi er på HRS si side?

Eg er ein trufast lesar av informasjonssida til HRS. Før eg opnar andre media, undersøkjer eg kva HRS har å kome med.

Dei er som ingen andre opptekne med det viktigaste temaet i det norske samfunnet: immigrasjonen frå Asia og Afrika, eit tema som nesten er tabu for andre media og for dei som styrer landet vårt.

Dette fører til at problema får tid til å vekse utan at nokon tek fatt i dei. Dette er problem som gjeld framtida vår og framtida til borna våre. Ingen talar så klart om desse som medarbeidarane i HRS. Dei har ofra alt for å få fram sanninga og gjer det med livet som innsats.

Eg spør meg sjølv: Skal ikkje vi lesarane og vi som ikkje er så flinke til å ordleggje oss, syne at vi er på HRS si side?

Det beste som kunne skje var at HRS blei fråtekne støtta frå staten på 1,8 millionar kr i året og fekk eit tilsvarande beløp frå lesarane sine. Med dei nye satsane på 50.000 kr til eit skattefritt føremål, trengst det berre 36 personar for å dekkje dette beløpet!

Eg vil gjerne vere den første i ein stafett som gjer HRS uavhengig av dei statlege «JUDASPENGANE».

Eg kallar det slik, fordi det alltid ligg eit trugsmål om å ta frå HRS denne støtta om dei publiserar noko som ikkje fell i smak hjå mainstream media. Lat HRS få behalde sin redaksjonelle fridom og syn at du trur på dei ved å ofre litt for saka.

Kvifor skal medarbeidarane i HRS ofre alt medan mange lesarar berre er med i eit hylekor som støttar HRS i kommentarfelta, men som ikkje er viljuge til å avsjå eigne midlar for å hjelpe HRS ut av avhengigheita til staten?

Eg vil heller ikkje at HRS skal måtte bruke reklamepengar. Nei, det er eg og du, lesarane som trur på saka deira, som skal ofre desse kronene.

Eg ser på arbeidet til HRS som så viktig for landet vårt at eg gjev det høgste prioritet. Såleis var det og at eg utfordra ein som ofte kommenterar artiklane deira, om han kunne vere med og gjeve skattefribeløpet til HRS. Nei, det hadde han ikkje tenkt å gjere. Det gjorde meg stuss. Trur han ikkje på saka, eller blei utfordringa for kostbar? Kor langt strekk solidariteten seg?

Eg vil difor først og fremst utfordra deg som er ivrig i kommentarfelta og deretter alle andre lesarar. Lat oss ta eit krafttak for HRS. Lat oss gjeve så det svir og fri HRS frå den statlege naudhjelpa og frå alle sure kommentarar om denne. Lat oss gjeve dei ei skikkeleg gåve, ei handsrekning som skyt dei inn i det nye tiåret!