Økonomi

Blå himmel

Sentralbanksjef Svein Gjedrem ser ingen skyer på himmelen hva gjelder oljefondet og dets investeringer. Tvert om mener han oljefondet vil vare evig, og at politikerne bare vil benytte avkastningene. - Eit historisk mistank, sier Jon Hustad i en historisk artikkel.

Rita Karlsen, HRS

En av vårt tids kanskje viktigste og mest lærerike artikler finner vi i siste utgave av ukeavisa Dag og Tid (15.10.10). Forfatteren er Jon Hustad.

Jeg har ikke Hustads tillatelse for å gjengi artikkelen men satser på tilgivelse, ikke ulikt metoden til vårt politiske lederskap. Jeg finner den dessuten så essensiell at jeg gjengir den i sekvenser. Les. Lær. Tenk.

Oljefondet: Seks tusen milliarder og skal vare evig, sier sentralbanksjefen

Jon Hustad: Korleis kan ein småstat nytta pengane han får tak i? I ein tale for investorar og akademikarar i Singapore nyleg sa sjefen for Noregs Bank, Svein Gjedrem, at Noregs Bank hadde som mål å dobla Oljefondet før 2020. Lukkast banken i det, kjem fondet til å vera på seks billionar kroner innan tiåret er ute. Gjedrem såg få skyer på himmelen, det meste handla i god teknokratisk ånd om organisering: «Fondet er stort i milliardar kroner, men under ingen om­­stende ein stor organisasjon. Dei meir utfordrande spørsmåla knyter seg til summane som er under forvalting, og at det er ei kompleks verksemd», sa Gjedrem etter Dagens Næringsliv. Slik talar ein norsk toppbyråkrat.

Vel heime i Noreg fortalde Gjedrem at han var endå meir optimistisk: Oljefondet skal vara evig, og politikarane kjem truleg berre til å nytta avkastninga, hevda han i ein ny tale. Gjedrem tek nok feil. Den norske makta tenkjer for smått, ho kan for lite historie.

Kina: 17 tusen milliarder og mindre av den amerikanske statlige utenlandsgjelda

Jon Hustad: Eit langt geopolitisk sveip: Korleis byrjar imperium? Det nøyaktige talet er ikkje så nøye, og slike tal er i alle høve notorisk upålitelege, men om eg har rekna rett, har Kina noko slikt som 17 billionar kroner i valutareservar. Sytten tusen milliardar er som vi veit ein del peng­ar, og når Kina fyrst har fått tak i så mykje pengar, har ikkje kinesiske styremakter – på lik line med norske styremakter – lyst til å missa pengane. Men store peng­ar krev store tankar. Store pengar krev geopolitikk.

Papirpengar er ei vare på lik line med andre varer: Er etterspurnaden stor, går verdien opp; er etterspurnaden liten, går verdien ned. Kvar månad kjøper då også den kinesiske sentralbanken store mengder dollar for slik å halda kursen på yuan nede for slik igjen å halda eksportoverskotet oppe. Men det seinaste året har noko hendt. Frå å eiga godt over ein fjerdedel av den amerikanske statlege utanlandsgjelda er Kina no åt å koma seg ned mot ein femtedel. Kina investerer framleis i amerikanske omsetjelege gjeldspapir, statsobligasjonar, men dei investerer relativt mindre enn før.

Hva er det Kina driver med?

Jon Hustad: Kvifor gjer dei det? Det veit ingen sikkert, den statlege kinesisk investeringsprofilen er ikkje nett open. Men den amerikanske økonomien er i ein grotesk ubalanse, paradoksalt nok mykje takka vere Kina. Over tid kan ikkje ein stat ha store underskot både i utanriksrekneskapen og i statsrekneskapen, men det er nett det amerikanarane har funne ut at dei kan. År etter år importerer dei langt meir enn dei eksporterer, år etter år går statsbudsjettet med enorme underskot. Resultatet gjev seg sjølv. Ein eller annan gong før år 2020 kjem USA til å måtta betala meir i renter og avdrag på nasjonalgjelda enn dei betaler i forsvarsutgifter. I 2050, seier mellomalternativet til det nøytrale budsjettkontoret til Kongressen, kjem den amerikanske statsgjelda til å vera på 500 prosent av bruttonasjonalproduktet om ikkje noko vert gjort.

Den amerikanske sentralbanken kjøper amerikanske statsobligasjoner og EU er i ubalanse – det skjønner Kina konsekvensene av

Jon Hustad: Noko kjem til å verta gjort, til dømes av Den amerikanske sentralbanken, som no atter har gjeve signal om at dei kjem til kjøpa amerikanske statsobligasjonar for fleire hundre milliardar dollar, som igjen gjer at utlendingane, til dømes kinesarane og nordmennene, kjem til å få stadig mindre att av dei pengane som dei har lånt til den amerikanske regjeringa. Kina ser sjølvsagt dette, på same vis som dei ser at EU òg er i ubalanse. Ei tid enno kjem kinesarane til å halda fram med å kjøpa dollar og euro, men før eller seinare må dei lata sin eigen valuta verta meir verd i høve til amerikanske og europeiske papirpengar.

Imperiesporet: Se til store deler av den tredje verden både i Asia, Sør-Amerika og Afrika- og igjen møter vi Kina

Jon Hustad: Då er vi attende på imperie­sporet. Store delar av Afrika, ja, store delar av den tredje verda både i Asia, Sør-Amerika og Afrika går no gjennom ein enorm økonomisk vekst – og igjen møter vi på Kina. Den såkalla trendveksten i verdsøkonomien er på 4 prosent per år; neste år, seier Det internasjonale pengefondet, kjem veksten truleg til å verta på 4,8 prosent. Medan den vestlege verda sit fast i ei hengjemyr av aukande gjeld, ein stadig eldre folkesetnad og ei stadig lægre evne til å gjera opp for seg, tek Kina kontroll over ein stadig større del av mineralressursane og landbrukslandet i verda og skaper økonomisk vekst på vegen. Kina er enkelt og greitt åt å verta motoren i verdsøkonomien, og det gjer dei gjennom det som gamle Lenin ville ha kalla imperialisme.

For Kina legg i dag jarnbane i Afrika, Kina driv i dag tallause gruver i Afrika, Kina byggjer i dag oljeplattformer, byar og motor­vegar gjennom store delar av Afrika. Og det gjer kinesarane av di dei meiner at fysiske verdiar er mykje meir verde enn europeiske og amerikanske verdipapir.

Norge da? Vil ikke vi ha fysiske verdier? Lytt til Kåre Lunden

Jon Hustad: Kan Noreg gjera det same? Kan Noreg byta ut sitt handelsoverskot med konkrete fysiske verdiar i andre land? I ein dystopisk kronikk i Klassekampen om klimaendringane for kort tid sidan spådde Kåre Lunden med basis i ein EU-rapport at landbruksland i Nord-Europa kom til å verta mykje meir verdt i framtida. Motsett dei fleste norske akademikarar har Lunden aldri vore redd for å tenkja stort. Halvt i alvor og halvt i spøk gjorde han framlegg om at Oljefondet burde kjøpa store mengder landbruksland i Baltikum. På overflata er dette å sjå til ein god tanke. Er dei menneskeskapte klimaendringane reelle og uunngåelege, seier det seg sjølv at landbruksland mot nord vert meir verdt, og landbruksland mot sør mindre.

Tjene penger på andres land?- og der møtte vi Kina igjen

Jon Hustad: Men om verda, som Lunden og svært mange andre spår, går inn i ei matvarekrise, og Noreg skal tena pengar på denne krisa, må Oljefondet vera i stand til å kontrollera den jorda vi har kjøpt. Kor truleg er det at veljarane og styremaktene i andre land vil akseptera at vi tener enorme summar på landbrukseigedomar som ligg innanfor deira grenser?

Vel, det er spørsmålet. Men slik byrja det britiske imperiet, slik byrja den amerikanske kontrollen over Latin-Amerika, og slik byrjar truleg det kinesiske imperiet. Individuelle britiske investorar bygde opp handelsstasjonar, dei vart rike, og den britiske regjeringa fann at dei måtte verna denne rikdomen frå dei innfødde. United Fruit Company åtte bananplantasjar i Guatemala, og CIA støtta USA-lojale kuppmakarar. I Afrika i dag aksepterer ulike regjering­ar at kinesiske tryggjingsvakter får verna kinesiske investering­ar mot lokale bandar og innfødde. I stadig større område av den tredje verda er det i dag kinesiske og ikkje lokale valdsmonopol som rår. I byte mot oppkjøp og investeringar krev Beijing at dei skal få utøva makt, og svake lokale politikarar gjev etter.

Hva om betalingene uteblir og inflasjonen kommer?

Jon Hustad: Kva hender om USA og fleire EU-land sluttar å betala på all statsgjelda si til Noreg og Oljefondet? Kva hender om det kjem i gang omfemnande inflasjon i Amerika og Europa på grunn av alle dei nytrykte pengane? Kan vi gjera noko? Nei, pengane vi lånte ut, vil vera tapte. Kva hender om vi kjøper landbrukseigedomar i Baltikum, mineral i Afghani­stan og olje i Afrika, og i ein framtidig konfliktsituasjon i eit eller fleire av desse områda ikkje har militærtroppar å senda? For å skriva om Bibelen: Der makta ikkje er, har jamvel keisaren tapt sin rett.

Internasjonal velvilje- til evig tid?

Jon Hustad: Dei norske utanlandsinvesteringane heng på éin ting: internasjonal velvilje. Slik velvilje kan vara tiår etter tiår, men ein slik velvilje varer aldri evig. Kina er åt å setja om den økonomiske makta i militær makt. Kina kan spela ei maktpolitisk rolle i verda, Kina kan pressa USA, EU og Afrika. Berre i kraft av storleiken åleine er Kina ein enorm maktaktør. Noreg er ikkje det. Noreg er nær makteslaust utanfor eigne grenser.

Kina investerer handelsoverskudd i afrikansk olje Norge bytter ut olje og gass med europeisk og amerikansk verdipapir- taper vi alle pengene i de fremtidige konkursbo?

Jon Hustad: Det skal ein del til før ei utanlandsk makt invaderer Nordsjøen og Barentshavet og tek kontroll over dei norske olje- og gassressursane. Det skal mindre til før den amerikanske sentralbanksjefen Ben Bernanke aukar tempoet på setelpressa og gjer den amerikanske dollaren og amerikanske verdipapir mykje mindre verde. Medan den kinesiske, langsiktige investeringsstrategien er å byta ut det kinesiske handelsoverskotet med investeringar i afrikansk olje, er vi i Noreg opptekne av å byta ut den norske oljen og gassen med europeiske og amerikanske verdipapir – så snøgt som berre råd er.

Kvart år sidan 2001 har den norske oljeproduksjonen gått nedover, ikkje av di vi held att, men av di det vert stadig mindre av han. Om eller når – personleg meiner eg når – EU-landa og USA bed om gjeldstingingar, det vil seia går konkurs, kjem Noreg til å tapa mykje, svært mykje av utanlandsinvesteringane sine. At statar ikkje betaler gjelda si, er ikkje noko nytt. Før den fyrste verdskrigen hadde Noreg investert i det tryggaste som fanst, tyske statsobligasjonar. Vi fekk ikkje pengane att. I 1914 kontrollerte Storbritannia 44 prosent av utanlandsinvesteringane i verda. Etter den andre verdskrigen var så godt som alt borte. Langt der framme kjem nok Kina òg til å tapa mykje av utanlandsinvesteringane sine, men det skjer etter at Noreg har gjort det same.

Norge bytter ut olje med aksjer i oljeselskap- i historien minnes vi som dem som finansierte europeiske og amerikanske motoverveier…?

Jon Hustad: Noregs Bank er klar over at internasjonale rentepapir er svært utrygge investeringar. Det var på deira initiativ at regjeringa og Stortinget gjekk med på å redusera gjeldspapirdelen av oljefondet frå 60 til 40 prosent og auka investeringar i utanlandske aksjar tilsvarande. Det har rett nok gjeve det paradoksale utslaget at norske oljepengar har vorte nytta til å investera i mellom anna British Petroleum (BP). Vi byter altså ut olje med aksjar i oljeselskap.

Likevel: Når vi fyrst har gjort noko så uklokt som å byta ut norsk olje med utanlandske verdipapir, er det truleg ein rett strategi å investera meir i aksjar, altså konkrete verksemder, enn i statsobligasjonar, som når som helst kan gjerast verdilause av ymse regjeringar. Det er òg slik at aksjar på 1900-talet har hatt ei langt betre verdiutvikling enn olje. Men gjennom 1900-talet firedobla folketalet i verda seg; det same skjer ikkje i dette hundreåret.

Skal aksjar verta meir verde, krev det økonomisk vekst og stadig større marknader. Det er neppe ein dristig spådom å seia at aksjar ikkje kjem til å stiga like mykje i det komande hundreåret som i det førre. Olje vert det derimot stadig mindre av, og alt det vert mindre av, betaler folk meir for. Men det er det andre enn Noreg som kjem til å nyta godt av.

Nokor imperiemakt vart vi i alle høve ikkje. Men på vegen finansierte vi i det minste europeiske og amerikanske motorvegar.