Islam

Har Regjeringen lest den feilfrie Koranen?

Det aller meste av koranen handler om trusler. På nesten alle sider i koranen er en, flere eller alle følgende ord benyttet: vantro, satan, helvete og straff. Hvorfor støttes dette av staten?

I det siste har det igjen storma rundt koranen og islam, blant anna no sist i Frankrike der ein lærer som underviste om ytringsfridom blei drepen. Få dagar seinare blei fleire drepne i ei kyrkje i samme land. Det er neppe siste gong. Dernest fire drepne i Wien.

Koranen er ondsinnet

Regjeringa har nyleg lagt fram ein handlingsplan mot kritikk av muslimar, men har regjeringa lese koranen? Tvilsamt. I islam er koranen fullkommen og feilfri, og skal gjelde til dommedag. Omvendelse og tru skal gje frelse i paradis eller evig fortapelse i helvete. Religionar framstår å ha eit positivt innhald; full av nåde og miskunn, tilgjevande, og trøystande. Men er det tilfelle?

Som ikkje-truande går eg ifølge koranen, ei utrygg framtid i møte. I koranen er ordet “helvete” nytta over 80 gongar og tar ein med andre ord som har med helvete å gjere så kan ein plusse på 140 gongar til.

Mange har beskrive koranen som fredens religion og at den er full av omtanke og kjærleik. Då er min tanke at dei som uttalar seg slik, har ikkje lese koranen. Det aller meste av koranen handlar om truslar. På nesten alle sider i koranen er ein, fleire eller alle fyljande ord nytta: vantru, satan, helvete og straff. Ordet straff er forsterka med variantar som: -hard, -ond, -smerteleg, -helvetes, -streng, -svær, -forferdeleg og audmjukande straff, over 300 gongar. Alt kan ikkje nemnast, men over 1300 gongar framkjem det i koranen truslar, i ein eller anna form, som berører meg som vantru. Kvifor skal religionar ha slik ondsinna innhald?

Det skal nemnast at eg sjølv har lese koranen fleire gongar. Tala eg refererer til med omsyn til truslar mot vantru, er eigne registreringar frå ei omsetjing av koranen utgjeven av Universitetsforlaget A/S. Det gjeld også sitata eg nyttar frå koranen.

På dommens dag vil alle dei vantru hamne i helvete. I helvete består brenselet, ifølge koranen, av menneskje og stein. Her skal den vantru lide i all tid og Gud skal skifte ut huda di etter kvart som den brenne av. Til drikke får du kloakk, kokande vatn eller flytande metall. Er dette noko som bør ha innpass i vårt samfunn, støtta av den norske stat?

Det offentlege, stat og kommune, brukar milliardar årleg som støtte til mange trussamfunn og religionar. Det bør vere ein bismak i Statens munn når ein veit at mykje av pengane går til å bygge opp om religionar og trussamfunn som har eit særs truande og valdeleginnhald. Fleire bryter openbart med FN’s konvensjon om blant anna barns rettigheiter, men blir «godtatt» sidan det handlar om religion.

Nokon må seie at dette er feil

Ein dag må nokon seie, og bli forstått, at dette blir feil. I den danske forfattaren H.C. Andersen sitt eventyr om Keisarens Nye Klær, torer ingen bestride dei lærde, og Keisaren går ut «naken». Det måtte eit modig barn av folket til for at alle skulle få auga opp for å sjå realitetane: «Keisaren er naken». La dette barnet vere eit symbol på vår ytringsfridom og oppfordre andre frå folket, ikkje minst våre politikarar, til å stille kritiske spørsmål om innhaldet i enkelte religionar og kva statsstøtta eigentleg støttar opp om.

Å kritisere islam og koranen er ikkje risikofritt. Ikkje i Norge, ikkje i Europa forøvrig og ikkje minst i dei muslimske landa, der straff og dødsstraff praktiserast. Ytringsfridom er heilt vesentleg i eit demokrati. Vi kan sjå tilbake på vår nære fortid, førre århundre. Der demonar som Hitler, Stalin, og fleire andre, fekk kontroll på millionar av menneskje og innførte blant anna dødsstraff for dei som ytra seg imot. Under Stalin kunne det vere nok å uttale seg kritisk til landbrukspolitikken. Kva så med nazismen som utløyste 2. verdskrig? Resultatet vart over 30.000 (tretti tusen) døde i snitt kvar dag, ikkje ytringsfridom der heller, med mindre ein ønsket ein snarleg henretting.

Tilbake til islam og muslimar. Mange, kanskje dei fleste, som er komme til Norge og Europa som flyktningar, har måtte flykte frå land, der dei styre etter koranen og sharialover. Sharialovene gjelder leveregler ang. påbud, forbud og straff. Dei som har flykta har måtte gjere det for å berge livet, men samstundes så vil mange ha islamsk innflytelse og styring i dei landa som tek imot dei.

Dei fleste muslimske land har ikkje dei rettigheiter og dei fridomar vi har i Norge. Eksempelvis ytringsfridom, religionsfridom, demokrati, likestilling for seksuell legning m.m., som vi tek som ein sjølvfylgje. I mange muslimske land kan det bli straff eller tap av livet fordi koranen og sharialovene ikkje tillet mange av disse fridomane. Kvifor er då muslimske miljø så på barrikadane når nokon her i Europa tillet seg å kritisere den religion som dei faktisk har flykta frå? I følge koranen er ein vantru ein fiende, korleis skal ein då oppnå fred og integrering?

Vi likar ikkje diktatorar, som til dømes Hitler og Stalin. Men er det forskjell på ein diktator som krev full kontroll, full underkasting og lydigheit, og ein religion som til dømes islam som krev det same? Begge varslar straff, helvete og død om ein ikkje er lydig og trur. Det skal ikkje vere enkelt å forstå. Å støtte den eine og fordømme den andre?

Statlig støtte til valdeleg tru

Dei som snur kappa etter vinden og trur konfliktane der islam er involvert vil gå over av seg sjølv, vil nok ta sørgjeleg feil. I følge FN vil islam vokse og vere klodens største religion rundt år 2065. Det skuldast først og fremst at jordas befolkningsvekst, omlag 240.000 fleire menneskje på kloden, kvar dag, i hovudsak blir i Asia og Afrika. Samstundes er den største flyktningstraumen frå same regionar. Det betyr at vi i Norge og andre Europeiske land, er nøydde å forhalde oss til at islam vil påverke vår kvardag på eit eller anna vis, i større og større grad, om ikke noko gjerast. Eg vil understreke at mine meiningar ikkje er mot muslimar som gruppe, men mot islam sitt innhald og praktisering gjennom koranen og sharialovene. Sharialovene brukast allereie i Europa, både åpent og i det skjulte. Eksempelvis nylege avsløringar i Danmark om skilsmisse for kvinner.

Koranen reknast i islam som fullkommen og feilfri, og skal vere gyldig til dommedag. Med andre ord er det liten grunn til å tru at islam vil kunne bli ein meir moderat religion over tid. Ein er i realiteten forplikta til å halde ved det som er skrive for omlag 1.400 år sia. Mange muslimske lærde, kanskje dei fleste, meiner at sharialovene må vere eit kvart muslimsk samfunns lov, og grunnlaget for ein stat si lovgjeving.

Ein rimeleg stor del av norske muslimar meiner det same, eller delvis det same. Bør det gje grunn til bekymring? Og bør det vere ein bekymring at den norske stat bidrar med betydeleg økonomisk støtte til religionar som har eit særs truande og valdeleg innhald? Tida er overmoden for at staten endrar radikalt på sin støtte til religionar og trussamfunn.

Ove Myrmel, Sunnfjord