Politikk

Skjebnetid for araberne

Det muslimske brorskapet venter på et rette øyeblikket. De vet at hæren og generalene ikke vil støtte dem. Egypts generaler lytter til USA. Muslimbrødrene vil gripe sjansen gradvis, tror Walid al-Kubaisi. De vil alliere seg med fredsprisvinner El Baradei, Vestens mann. Og El Baradei trenger Muslimbrødrenes støtte blant massene og de trenger han for å unngå internasjonal uro og reaksjoner.

Lagnadsstund for arabarane Walid-al Kubaisi, Dag og Tid 4.februar 2011 Vil islamistane få makt i Egypt og Tunisia? Mohammed Bouazizi var ein 26 år gamal tunisiar med universitetsutdanning. Han måtte forsørgja mor si og to døtrer. Men han fekk ikkje ar­beid. Han greidde likevel å låna litt pengar og fekk kjøpt seg ei vogn for å selja frukt og grønsaker. Og jamvel om han ikkje fekk løyve, drog han med vogna og tok til å selja på gata.

Den 17. desember i fjor kverrsette politiet både vogn og frukta. Han sprang etter dei til politistasjonen for å få tilbake vogna og varene, men vart avvist og fekk ein øyrefik av ei politikvinne. Han prøvde å klaga, men alle dører var stengde. Han reiste heim og skreiv eit hjarteskjerande treliners brev på Facebook adressert til mora: «Mor, eg reiser på ein veg eg ikkje har valt, og kjem ikkje att. Skuld ikkje på meg, skuld på vår svikefulle tid. Eg har gråte nok, eg har ikkje fleire tårer no. Eg er trøytt og legg alt bak meg. Tilgje meg, mor!»

Han stilte seg framfor kommunehuset i byen Sidi Bouzaid og sette fyr på seg sjølv. Etter to veker på sjukehuset døydde han, like før presidenten i landet, Zine El Abidine Ben Ali, kom på sjukebesøk.

AudmjukingaDet er ikkje sjølvmordet som fekk andre unge menn til å demonstrera i solidaritet med han. Sjølvmord har vorte vanleg i fattige område i Midtausten. På nettet fortel ein egyptar at det er registrert 104.000 sjølvmordsforsøk i Egypt berre i fjor. Det har ikkje ført til demonstrasjonar og opprør.

Men demonstrasjonane kom fordi Bouazizi gjorde sjølvmord i protest mot arbeidsløyse, fattigdom og audmjuking. Det fekk unge menn i fattigområdet Sidi Bouzaid til å identifisera seg med han og gå ut på gata i protest.

Eg har vore to gonger i Tunisia. Eg hugsar framleis korleis alle var misnøgde med presidenten Ben Ali og kona hans: «Ho var fattig og jobba som frisør, men greidde å laga si eiga forretning. Ein gong vart ho arrestert for forfalsking. Ein ven gjekk til Ben Ali, som då var tryggingssjef i landet. Han sette henne fri, forelska seg og gifta seg med henne trass i tjue års aldersskilnad. Men dei fattige kåra har skapt ein evig svolt i sjela hennar. Ho, broren og familien forderva den komande presidenten og regjeringa», kviskra ein ung arbeidar til meg i ein porselensbutikk i Sousse.

KvinnefrigjeringPå ein kafé same dag møtte eg Warda Saanouni. Ho arbeider i eit firma som eksporterer klede til Frankrike. Ho tykte Tunisia var eit godt land å bu i. Ho fortalde om den tidlegare presidenten Habib Bourguiba som i 1953 vedtok reformlovene for kvinnene: «Kvinner er likeverdige og likestilte i samfunnet med mannen. Fleirkoneri er forbode, og kvinner har lov til å arbeida.»

Då eg sa at ho var privilegert og heldig: «Du jobbar og er ikkje fattig. Men er du nøgd med arbeidsløysa folket ditt opplever?» Ho svara: «Eg ser på situasjonen som kvinne, og vi har det betre enn kvinnene i Irak og i Saudi-Arabia.» Så sa ho med låg røyst: «Presidenten vår var god berre dei fyrste åra etter at han tok over makta. Kona hans er grådig og fordervar regimet. Vi er uroa for utviklinga. Eg vonar det går bra.»

Eg har kontakt med Warda og utvekslar meiningar med henne. Ho fortalde meg om mora som måtte amputera eit bein for tre månader sidan, og korleis dette gjekk inn på henne. Då eg snakka med henne på nettet den tredje dagen etter at opprøret spreidde seg i Tunisia som eld i kornmark, høyrde eg at ho hulka. Eg trudde at mor hennar var død.

– Kva har skjedd med mor di, spurde eg.

– Walid, Tunisia er fortapt. Det er revolusjon og protest mot undertrykkinga frå despoten! Walid, eg ser kva som skjer med augo mine og høyrer med øyro mine, ikkje gjennom TV-kanalane. Eg er redd for islamistane.

– Men eg ser på Al-Jazeera at det er unge sekulære menn som fyller gatene. Dei snakkar ikkje om islam, men om sosiale liding­­ar, protesterte eg.

– Det er rett at alle demonstrerer, men eg er likevel redd for at islamistane vil overta. Dei organiserer fellesbøn på gatene no. Dei demonstrerer styrke og nærværet sitt. Moskeen i nabolaget her styrer folket.

FryktaEg har den same frykta. Står vi i fare for at islamistane kan få makt i Tunisia og Egypt? Står vi andsynes eit nytt Iran? Alle vil verta kvitt dagens regime i Egypt, men kjem islamistane til makta, er det ein endå større tragedie.

På Al-Jazeera fortel den tunisiske islamistleiaren Ghannouchi at islamistane i Tunisia ikkje har noko å gjera med det som skjer i Tunisia. Reportasjane synte unge menn som fortel om korrupsjon og arbeidsløyse.

Eg vart glad for dette, men la merke til at Ghannouchi vart synt mest merksemd som om han er den mest truverdige som kan tala om situasjonen i Tunisia. Andre sekulære opposisjonelle i eksil var nesten fråverande. Det var som om Rached Ghannouchi var den leiaren i landet som folk flest venta på.

Dagen etter opna eg nettet – og med ein gong kontakta Warda meg:

– Rached Ghannouchi landa på flyplassen. Tusenvis møtte han på flyplassen. Men òg sekulære var der for å fortelja han at Tunisia vil velja fridomen, ikkje reaksjonære som han. Dei ropa «Ikkje regimets Forsamling, ikkje reaksjonære, Tunisia på veg til fridomen.» Forsamlinga er partiet til regimet, medan islamistane vert karakteriserte av sekulære som reaksjonære.

Spel for gallerietWarda gjorde meg likevel skeptisk. Kan ein lita på Rached Ghannouchi at han ikkje er ein ny Khomeini, og at sharia ikkje får nokon plass i Tunisia?

Det heile verkar som eit spel for galleriet. Ghannouchi er leiar for islamistpartiet Ennahdha (Renessanse) – den tunisiske delen av Muslimbrørne. Sidan 1992 har partiet vore forbode i Tunisia etter at dei planla eit statskupp. Målet for Ghannouchi er ein islamistisk stat styrd av islam og sharialovene. Ghannouchi sjølv har skrive mange bøker der han hyllar Khomeini som islamreformator.

Kvifor underkjenner Ghannouchi brått Khomeini no? Kvifor seier han at sharia ikkje har nokon plass i Tunisia? Kvifor vil ikkje partiet hans ha politisk makt akkurat no? Det er vanskeleg å skjøna. Han som lastar sekularismen i den arabiske verda, vil han akseptera ei anna lov enn sharia? Det er noko som ikkje stemmer.

Sentrum i arabarverdaProtestane i Tunisia smitta det egyptiske folket der president Mubarak har rådd i 28 år. Han er 83 år gamal, men vil ikkje gje frå seg makta. Han vil gje makta til son sin, som om makta, landet og folket er ein personleg eigedom. Han har styrt landet med politi og torturfengsel. Fattigdomen har auka parallelt med befolkninga. Mubaraks regime har ikkje makta å fri folket frå fattigdom.

Egypt er det kulturelle og politiske sentrum i arabarverda. Endringane der vil påverka heile den arabiske verda. No har folket gått ut av heimane sine og møter tåregassen og balltrea til politiet.Eg sat og følgde med på Al-Jazeera. No hadde dei invitert Yousuf Al-Qaradawi til studio. Han er ein av dei åndelege leiarane til Muslimbrørne i Egypt og flink til å hissa opp massane. Al-Qaradawi kjem med støtteopprop til opprørarane på vegner av Den internasjonale foreininga av muslimske lærde, som han leier. Dei appellerer til massane og gjev religiøse motiv til kampen mot dei som ikkje er gode muslimar – som Mubarak og hans regime.

Og på nettet ser eg korleis folk vert mobiliserte: Mange nemner moskeane med namn og adresse som samlingspunkt, men dei gløymer ikkje å ta med «eller ei kyrkje i same område». Det tyder på at det er islamistar som står bak mobiliseringa. På TV ser eg politiet gå til åtak på demonstrantane, der ein del av dei som demonstrerer, skil seg ut og bed medan politiet går til åtak med vasskanonar.

OptimismenEg ringjer til Fekry Abd Elmotaleb i Egypt, ein av personane eg intervjua i filmen min om Den muslimske brorskapen på TV i haust. Han er ekspert på islamisme.

– Eg var på Tahrir-plassen i dag òg. Heile folket er der. Muslimar, kristne, sekulære, islamistar, menn og kvinner, unge og gamle. Det er eit folkeopprør, Walid. Det endar ikkje utan at Ali Baba og dei førti røvarane reiser frå landet, seier han.

– Kva med Muslimbrørne, spør eg.

Fekry Abd Elmotaleb er optimist og slukt av folkeånda.

– Dei prøver å demonstrera makt, men denne revolusjonen er ikkje deira. Men dei vil prøva å kapra han. Eg trur derimot ikkje det vil vera lett for dei. Mange er vakne og kjenner dei, seier han.

StrategiskeEg heller trur ikkje at dei vil prøva å kapra dette opprøret. Vesten, USA og Israel vil då reagera. Og trass i at islamistane er organiserte og har fleire medlemer enn andre politiske parti, vil mange reagera sterkt om dei prøver å ta over makta no. Og Muslimbrørne har endra strategi etter at president Nasser fengsla mange og spreidde dei rundt i verda. Dei ottast å mislukkast på nytt. No vil dei opptre meir varsamt. Dei vil ikkje skremma Vesten og USA og verta knekt av ein sterk reaksjon. Dei er klare over at den egyptiske hæren får støtte frå USA. Og dei veit at generalane i hæren vil lytta til USA og ikkje til president Mubarak eller andre egyptiske leiarar.

Men dette reduserer ikkje vona til Brorskapen eller hindrar dei i å ta ein del av kaka. Dei vil gripa sjansen, men gradvis. Dei vil alliera seg med fredsprisvinnar El Baradei. Han er Vestens mann. Men Al-Jazeera har alt «avslørt han som utsending frå USA og England». Difor er han ingen farleg person for Muslimbrørne. Han er ein god billett til Vesten. El Baradei treng Muslimbrørnes støtte blant massane, og dei treng han for å unngå internasjonal uro og reaksjon. Muslimbrørne har òg sagt at problemet ikkje er USA, men president Mubarak og at dei kjem til å respektera dei internasjonale avtalane Egypt har skrive under på.

MotstridDette strir sjølvsagt med Muslimbrørnes tidlegare kritikk av avtalane med Israel og kritikk av USA og Vesten. Men Muslimbrørne tenkjer langsiktig. Dei kjem til å samarbeida med andre politiske parti for å danna ei koalisjonsregjering. Faren er at dei under demokratiseringa vil etablera seg blant folk og rydda vegen for eiga makt – slik Khomeini gjorde i Iran etter at sjahen fall. Khomeini samarbeidde med kommunistane før dei vart eliminerte som vantru og spionar.

Det same kan henda i Egypt og i Tunisia. Vi veit ikkje. Muslimbrørne har god tid. Ghannouchi i Tunisia har alt sagt: «Korkje eg eller partiet mitt har planar om å stilla til presidentval no, heller ikkje neste val, men kanskje etter det. No treng vi ei koalisjonsregjering som representerer alle politiske retningar i landet.»

For styrken til folket har synt seg tydeleg. Dette er folket si tid, ikkje despotane. Men vil folk syna like sterk vilje til å stoppa Muslimbrørnes ambisjonar om å utøva sharia og islamistisk ideologi?

Anna verdisystemEg søkjer i Google på kva europeiske kommentatorar seier om demonstrasjonane, og ser at nokre samanliknar det som hender i Egypt med fallet til Berlinmuren. Eg ristar på hovudet over denne overdrivinga.

Eg skulle gjerne ynskt det var lengt etter fridom som dreiv massane ut på gata. Men det er meir svolt og trongen til brød som har skapt opprøret mot korrupsjonen som har forderva makta i landet.

Sjølvsagt finst det mange fridomssøkjande blant demonstrantane. Men dei fleste kjenner ikkje til fridomen slik europearane har fått han inn gjennom fleire hundreår med opplysing. Vestlege intellektuelle må skjøna at Midtausten er styrd av eit anna verdisystem enn Europa. Noko eg sjølv har måtta læra meg gjennom mange års forvandlingsprosess i Noreg. Verdisystemet i Midtausten har grunnlag i teologi og tradisjon. Difor er vi mange som er redde for islamistane i denne lagnadsstunda vi opplever no i Egypt og Tunisia.