Politikk

Frivillig overgivelse

Klarere appeasment-tale har jeg knapt lest før: Johan Galtung varsler et islamisert Norge og Europa. Det nytter ikkje å stanse utviklingen, sier han. Og videre: omveltingen vil skje uten vold – vel og merke viss vi ikke gjør motstand. Og hva har islam å tilby Europa? Ifølge Galtung er dette de to viktigste verdiene i islam: fellesskapet mellom mennesker og fordeling av godene. Slik snakker en mann med et totalitært livssyn.

Hege Storhaug, HRS

Intervjuet i Dag og Tid, 22.oktober 2010, s.24 (ikke på nettet) trenger ingen ytterligere kommentar. Galtungs uttalelser kan man med hell lagre i mappen ”ideologisk forvillelse”. Det er dessuten riv ruskende galt at styresmaktene innviteret pakistanere og andre til Norge. Dette har jeg gjennomdokumentert blant annet i boken Gode formål, gale følger. Men i et politisk spill, kan man jo ha behov for en historiskeomskrivning.

Intervjuer, KS, er Kaj Skagen:

rights_banner_praktutgave-ny_778x150

JG:- Det er berre om lag fem prosent av vestlege menneske som har eit inderleg forhold til kristendommen og praktiserer han i kvardagen, Samstundes har vi eit inderleg forhold til reint verdslege verdiar som økonomisk vokster, teknologiske nyvinningar, personleg valfridom osb. Det er desse verdslege verdiane som har teke plassen til kristendommen, og det er dei vi fer jorda rundt med og vil omvenda heidningane til, stundom med ”utvikingshjelp”, stundom med rakettar, i dag mest i muslimske land.

KS: Om dette stemmer skulle det vera logisk om islam vinn fram her heime, på grunn av den større åndelege lidenskapen.

JG: Eg trur nett det er i ferd med å skje. Ikkje berre Noreg, men heile Europa kan verta islamisert. Eg er ikkje i tvil om at det om ikkje så lenge vil finnast ein Muhammed Galtung og ei Fatima Galtung. Dei gamle vikingættene vil få eit islamsk tilskott.

KS: Men korleis ser du på sikt utsiktene? Vil ikkje då noko umisseleg gå tapt?

JG: Det vil verta ein mjuk, europeisk islam: Eg tenkjer då på dei viktigaste verdiane i islam: fellesskapet mellom menneska og fordelinga av goda. Begge desse verdiane er noko som den harde europeiske individualismen treng.

KS: Kvifor skulle vi ikkje like gjerne enda opp med den harde varianten av islam?

JG: Den får vi berre om vi set oss opp mot historias gang. Gjer vi motstand, vil den islamske framtida verta hard i staden for mjuk. Det er innvandringa, immigrasjonen, dei store rørslene i tida som dreg dette med seg. Ingen kan stansa dette. Og hugs at dei framande i si tid vart bedne om å koma hit, og at dei kom hit på grunn av økonomiske og historiske omsyn ingen kan gjera noko med.